FY1006 - Innføring i kvantefysikk

Faglig Innhold

Innføring i kvantemekanikk. Schrödingerlikning. Kvantemekaniske postulat Partikkel i boks og brønnpotensial. Harmonisk oscillator. Ein-dimensjonal spreiing. Dreieimpuls. Hydrogenatomet.

Læringsmål

Studenten skal: — kjenne til hovedtrekka i historikken rundt utviklinga av kvantemekanikken, — meistre sentrale omgrep som operatorar, eigenfunksjonar, eigenverdiar og Schrödingerlikninga, og vite korleis dei inngår i den kvantemekaniske teorien, — lære korleis ein kan formulere teorien ved hjelp av eit sett med grunnpostulat og sentrale teorem, der utvikling i eigenfunksjonar, stasjonære og ikkje-stasjonære tilstandar og kompatible observable og simultane eigenfunksjonar spelar ei sentral rolle, — lære å bruke formalismen, først på enkle eindimensjonale system som potensialbrønnar, harmonisk oscillator og spreiing i ein dimensjon, seinere på tredimensjonale system, t.d. hydrogenatomet.


http://www.ntnu.no/studier/emner/FY1006

Tags